Administrativ Team Leiar

Vi søkjer ein engasjert og ambisiøs Administrativ team leiar (engelsk – Admin Team Leader) i 100% stilling som vil ha ansvar for selskapet sin HR- og internkontroll-funksjon og tilsette i administrative funksjonar som resepsjon, transport og booking og bibliotek.

HR- og internkontroll er ny som eigen funksjon og det er viktig at du har erfaring med og likar å jobbe med tilsette i organisasjonen. Du får ei sentrale rolle i lag med tilsette med leiarfunksjonar i å legge forholda til rette for at dei tilsette trivast godt i sine roller. Det betyr at gode kommunikasjonsevner og evner til å innføre nye rutinar og å sørge for at eksisterande rutinar blir følgt, blir viktig.

Skulen vil jobbe med mange spanande utviklingsprosjekt i dei kommande åra. Som leiar med ansvar for HR og HMS, vil du få ei sentral rolle i selskapet sitt arbeid med  å utvikle kultur og arbeidsmiljø i  selskapa og bidra til at vi til ei kvar tid har personalressursar med rett kompetanse og kvalifikasjonar.

Skulen nyttar engelsk og norsk som språk i intern og ekstern kommunikasjon, og det er eit krav om at du har særs god framstillingevne i begge språka. Det er og viktig at du har evne til å ta del i og møte utfordringar i eit miljø med stort kulturelt mangfald.

Stillinga rapporterer til COO (Chief Operating Officer) og vil vere del av ei leiargruppe med representantar frå administrasjonen, utdanningsfaga og UWC Connect AS.

Som leiar er du kunnskapsrik, tydeleg, strukturert og opptatt av å nå vedtekne mål og planar, individuelt og på lag med andre.

Ansvar

  • HR-funksjonen
  • HMS og internkontroll
  • Ansvar for dagleg drift av administrative funksjoner som resepsjon, reiser, transport og bibliotek. Dette betyr ansvar for fag, økonomi, personale, HMS og internkontroll.

Hovudoppgåver:

  • Følge opp tilsette i administrative funksjoner
  • Leie rekrutteringsarbeidet i samarbeid med leiarane og tillitsvalde
  • Ansvar for medarbeidarundersøkingar, følgje opp og gje faglege råd til leiarar.
    • Vere eksperten på korleis skape det beste arbeidsmiljøet.
  • Leie og gi støtte til leiarar og medarbeidarar i HR-spørsmål, oppfølging av sjukemelde, arbeidsrettslege problemstillingar, introduksjon og oppfølging av nytilsette, kompetanseutvikling og organisasjonsutviklingstiltak.
  • Kontakt med og oppfølging av avtale med bedriftshelsetenesta Avonova.
  • Vere sekretær for AMU
  • Ajourholde og utvikle system for HR og internkontroll.
    • Revisjon og ajourhold av handbøker og retningslinjer.
    • Ajourhold, utarbeiding og innføring av rutinar som sikrar at vi har ei drift som stettar lovkrav.
    • Handsaming av avvik og forbetringstiltak og oppfølging av ansvarlege leiarar.
    • Revisjon og utvikling av GDPR rutinar, informasjon og opplæring av tilsette.
  • Sikre at leiarane utviklar kompetanseutviklingsplanar og at desse blir følgt.
  • Utvikling og oppfølging leiarutviklingsprogram.
  • Utvikling av administrative funksjonar i samarbeid med leiargruppa.
  • Førebu og leie gjennomføring av lønnsforhandlingar.
  • Vere backup for rekneskapsfunksjonen i samarbeid med COO og eksternt rekneskapsfirma.

 

Kvalifikasjonar

    • Utdanning på høgskulenivå
    • Erfaring frå liknande stillingar innan HR-arbeid, HMS og intnerkontroll, økonomi og administrasjon.
    • God kjennskap til relevante lov og avtaleverk.
    • Skulen er i ferd med å etablere ny arbeidstidsavtale og det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med tariffavtalar eller liknande.
    • God ikt-kompetanse og interesse for digitalisering. Skulen brukar Visma Business som økonomisystem, QM+ som internkontroll system og planlegg å implementere eit nytt HR-system, system for digitalisering av inntak av elevar og kundeoppfølging.
  • Særs gode kunnskapar i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Høgt motivert og med evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Diplomatisk og god på å bygge relasjonar
  • Evne til å skape entusiasme for utvikling og endring
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • God organisajonsforståelse og evne til å tenke heilskapleg og strategisk.
  • Ha høg integritet og like å jobbe i eit hektisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jf UWC’s verdiar og misjon.

Verksemda er Miljøfyrtårnsertifisert og er IA bedrift.

Vi tilbyr ein spennande og utfordrande stilling med konkurransedyktige vilkår i eit entusiastisk miljø med høg kompetanse.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Chief Operating Officer (COO) Ola Hovland 95894683.

Vi ber aktuelle søkjarar om å sende søknadsbrev og CV på epost til appointments@uwcrcn.no

Søknadsfrist 18.05.21