Vacancies

VAKTMEISTER

UWC Røde Kors Nordisk søkjer vaktmester i 100% stilling. Du får ei viktig rolle i ein mangfaldig organisasjon med høgt aktivitetsnivå. Stillinga rapporterer til Operational Team Leader (driftssjef) som ansvarleg for avdelinga og til Vaktmeister 1 for arbeidsplanlegging og fagleg rettleiing. Stillinga er ein del av ei avdeling som har ansvar for vedlikehald av UWC RCN (Røde Kors Nordisk United World College) sin eigedomsmasse. Som vaktmeister er du fagleg sterk, strukturert og opptatt av å følgje og nå vedtekne mål og planar. Du likar å samarbeid med andre og er opptatt av spele på lag med omgivelsane.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre dagleg og periodisk vedlikehaldsoppgåver
  • Betjene dritssystem som SD-anlegg, låssystem, alarmanlegg og FDV verktøy
  • Vedlikehald av tekniske installasjonar og utstyr
  • Ombygging og oppussing
  • Oppsett av nye kontor/rom
  • Skifte av vindu og dører
  • Maling/flislegging av kontor/rom
  • Vedlikehald av uteområde
  • Anna førefallande arbeid
  • Som ein del av vedlikehaldsteamet fortløpande vurdere tiltak som er med på betre vedlikehaldet ved skulen
  • Internkontroll, ajourhald av system og rapportering av avvik

Kvalifikasjonar

  • Teknisk bakgrunn og forståelse, gjerne fagbrev innanfor drift eller byggtekniske fag. Lengre relevant dokumenterbar erfaring med drift av eigedomar kan kompensere for manglande utdanning.
  • Erfaring med IT-verktøy.
  • Kjennskap til energioppfølging, tekniske anlegg, låssystem, SD-anlegg og FDV (Forvaltning, drift og vedlikehald).
  • Kunnskap om relevante lover og reglar innan fagområde
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og halde god framdrift/tidsfristar.
  • Førarkort B, BE
  • Engelsk og norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skrifteleg.

Personlege eigenskapar

  • Interesse og engasjement for faget og god teknisk forståelse
  • Serviceinstilt og ha gode samarbeidsevner.
  • Vere høgt motivert, ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i team
  • Ha høg integritet og like å jobbe i eit hektisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jf UWC verdiar og misjon.

Verksemda er miljøfyrtårnsertifisert Vil tilbyr ein spennande og utfordrande stilling med konkurransedyktige og gode velferdsordningar vilkår i eit entusastisk miljø med høg kompetanse. Spørsmål om stillinga kan rettast til Operational Team Leader (OTL), Fredrik Gustafsson, 476 70 833

Vi ber aktuelle søkjarar om å sende søknadsbev og CV på epost til appointments@uwcrcn.no

Søknadsfrist 13.9.20

Latest News