Vacancies

REINHALDAR 1

Vi søkjer reinhaldar i 100% stilling.

Du får ei viktig rolle i ein mangfaldig organisasjon med høgt aktivitetsnivå. Stillinga rapporterer til Operational Team Leader (OTL) og er ein del av eit team som har ansvar for reinhald av skulen sin byggningsmasse.

Som reinhaldar 1 er du fagleg sterk, strukturert og opptatt av å følgje og nå vedtekne mål og planar. Du likar å samarbeid med andre og er opptatt av spele på lag med omgivelsane. Til stillinga som reinhaldar er det berekna omlag 60-80% av tida til reinhaldsoppgåver og 20%-40% til administrative oppgåver.

Arbeidsområde

Reinhaldar 1 fungerar som utøvande reinhaldar, dagleg arbeidsleiar samt fagleg rettleiar for dei andre i avdelinga.

Reinhalder 1 er OTL sin nærast medarbeidar i alle forhold som har med arbeid i reinhaldsavdelinga å gjere.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre dagleg og periodisk reinhald etter oppsett turnusplan
  • Planlegging av arbeid utifrå aktivitetsplanar
  • Vurdering og planlegging av reinhaldsbehov – utarbeiding av reinhaldsplanar
  • Planlegging og gjennomføring av vedlikehaldsreinhald
  • Utarbeide, dokumentere og utføre opplæringsplan
  • Bestilling og innkjøp av reinhaldsrekvesita.
  • I samarbeid med teamet og OTL fortløpande vurdere tiltak som er med på betre reinhaldet ved skulen.
  • Internkontroll, ajourhold av system og rapportering av avvik.
  • Sakshandsame i kvalitetssystemet QM+.

Teamarbeid

  • Reinhaldsteam
  • Residential team

Kvalifikasjoner

  • Utdanning som reinhaldsoperatør (fagbrev)
  • Erfaring i bruk av dataverktøy og programvare.
  • Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • Engelsk og norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skrifteleg.

Personlege eigenskapar

  • Interesse og engasjement for reinhaldsfaget
  • Vere høgt motivert, ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i team
  • Ha høg integritet og like å jobbe i eit hektisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jf UWC verdiar og misjon.

Vi ber aktuelle søkjarar om å sende søknad, CV, vitnemål og attestar på e-post til appointments@uwcrcn.no

Søknadsfrist er 14.6.20

For spørsmål til stillinga, kontakt OTL (Operational Team Leader) Fredrik Gustafsson på tlf 476 70 833

Latest News