Vacancies

Vaktmeister

Med bakgrunn innan tømrarfaget i 100% stilling.

Du får ei viktig rolle i ein mangfaldig organisasjon med høgt aktivitetsnivå. Stillinga rapporterer til teknisk sjef og er ein del av eit team som har ansvar for vedlikehald av UWC RCN (Røde Kors Nordisk United World College) sin eigedomsmasse.

Som vaktmeister er du fagleg sterk, strukturert og opptatt av å følgje og nå vedtekne mål og planar. Du likar å samarbeid med andre og er opptatt av spele på lag med omgivelsane. Skulen skal i åra framover gjennomføre større vedlikehaldsprosjekt og det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring innan rehabilitering og nybygging. Deler av stillinga vil avhengig av kompetanse, kunne bli knytt direkte til oppfølging av desse prosjekta med rapportering til leiar for støttefunksjonane, COO.

Arbeidsoppgåver
– Utføre dagleg og periodisk vedlikehaldsoppgåver
– Ombygging og oppussing
– Oppsett av nye kontor/rom
– Skifte av vindu og dører
– Maling/flislegging av kontor/rom
– Anna førefallande arbeid
– Som ein del av vedlikehaldsteamet fortløpande vurdere tiltak som er med på betre vedlikehaldet ved skulen.
– Internkontroll, ajourhald av system og rapportering av avvik

Teamarbeid
– Vedlikehaldsteam

Kvalifikasjonar
– Teknisk fagskule – bygg
– Fagbrev innan tømrarfaget eller lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
– Lese og utføre etter arbeidsteikningar
– Kunnskap om relevante lover og reglar innan fagområde
– Evne til å halde god framdrift/tidsfristar
– Førarkort B, BE
– Engelsk og norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skrifteleg.

Personlege eigenskapar
– Interesse og engasjement for bygningsfaget.
– Vere høgt motivert, ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i team
– Ha høg integritet og like å jobbe i eit hektisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jf UWC verdiar og misjon.

Vil tilbyr
– Konkurransedyktige betingelsar
– Gode velferdsordningar som til dømes mat i kantina og tilgang til basseng og treningsfasilitetar.

KONTAKTPERSON
– COO, Ola Hovland 958 94 683

Latest News