Vacancies

Driftsleiar

Vi søkjer ein engasjert driftsleiar (på eng.: Operational Team Leader) i 100% stilling som vil ha ansvar for selskapet sine operative funksjonar.

Du får ei sentral rolle i ein mangfaldig organisasjon med høgt aktivitetsnivå. Stillinga rapporterar til COO (Chief Operating Officer) og vil vere del av ei leiargruppe med representantar frå administrasjonen, utdanningsfaga og UWC Connect AS.

Som leiar er du kunnskapsrik, tydeleg, strukturert og opptatt av å nå vedtekne mål og planar, individuelt og på lag med andre.

Skulen har nyleg starta på ei større oppgradering av eigedomsmassen og har mange spanande utviklingsprosjekt som skal gjennomførast dei kommande åra der du kjem til å ha ei sentral rolle.

Ansvar

  • Overordna ansvar for dagleg drift av kjøkken, reinhald, arrangementsplanlegging, vedlikehald, IT og bærekraft. Dvs ansvar for økonomi, personale, HMS og internkontroll.
  • Tenester og oppfølging av service etter avtale med UWC Connect AS

Hovudoppgåver

  • Dagleg drift og sørvis for UWC RCN og UWC Connect i høve behov og avtalar.
  • Kostkontroll, budsjettering og rapportering
  • Arbeidstidsplanlegging og oppfølging av tilsette
  • Planlegging og gjennomføring av prosjekt i samarbeid med tilsette og leiarar i UWC RCN og UWC Connect.
  • Vedlikehalde og følgje opp HMS og system for internkontroll
  • Ajourhald av QM+, system for internkontroll og arbeidsplanlegging for teknisk og IT.
  • Fokus på forbetringar som gir auka effektivitet og reduserte kostnader
  • Fokus på berekraftig utvikling
  • Vere oppdatert på lover og reglar innan dei ulike fagområda
  • Vedlikehalde og forhandle avtalar med leverandørar og samarbeidspartar.

Teamwork

  • Møte kvar veke med COO, Administrasjonsleiar, Dagleg leiar ved UWC Connect, viserektor (ved behov)
  • Møte kvar veke med kjøkken, teknisk, reinhald, IT koordintor og Sustainability Team Leader
  • Delta I skulen sine utval; Environmental Committee, Food Committee, IT Committee.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskulenivå
  • Erfaring frå liknande stillingar
  • Erfaring med bruk av ulike dataverktøy; arbeidstidsplanlegging, excel, internkontroll og -kvalitetssystem.
  • Engelsk og norsk som arbeidsspråk, både skrifteleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vere høgt motivert og ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha ei god forståing for ulike kulturar

Verksemda er Miljøfyrtårnsertifisert

Vi tilbyr ein spennande og utfordrande stilling med konkurransedyktige vilkår i eit entusiastisk miljø med høg kompetanse.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Chief Operating Officer (COO) Ola Hovland 95894683.

Vi ber aktuelle søkjarar om å sende søknadsbrev og CV på epost til appointments@uwcrcn.no

Søknadsfrist 20.10.19

Latest News

Oline Lykke Grand RCN’24

March 4th, 2024|

In these columns, we are introducing people: students, staff, former staff, and governance members of RCN. Today meet Oline [...]