Vacancies

HR-leiar

Vi søkjer ein engasjert og ambisiøs HR-leiar (engelsk – HR-Manager) i 100% stilling som vil ha ansvar for selskapet sin HR-funksjon.

Du får ei sentral rolle i ein mangfaldig organisasjon med høgt aktivitetsnivå. Stillinga vil innehalde ei blanding av strategiske og operative oppgåver og du bør trives med begge for å lykkast i rolla.

Stillinga rapporterar til COO (Chief Operating Officer) og vil vere del av ei leiargruppe med representantar frå administrasjonen, utdanningsfaga og UWC Connect AS.

Som leiar er du kunnskapsrik, tydeleg, strukturert og opptatt av å nå vedtekne mål og planar, individuelt og på lag med andre.

Skulen vil jobbe med mange spennande utviklingsprosjekt i dei kommande åra. Som HR-leiar vil du få ei sentral rolle i selskapet sitt arbeid med å utvikle kultur og arbeidsmiljø i selskapa og bidra til at vi til eikvar tid har personalressursar med rett kompetanse og kvalifikasjonar.

Ansvar

  • HR-funksjonen
  • Ansvar for dagleg drift av administrative funksjoner som resepsjon, reiser, transport og bibliotek. Dette betyr ansvar for fag, økonomi, personale, HMS og internkontroll.

Hovudoppgåver

  • Følge opp tilsette i administrasjonsfunksjonen
  • Leie rekrutteringsarbeidet i samarbeid med leiarane
  • Gjennomføre medarbeidarundersøkingar, følgje opp og gje faglege råd til leiarar.
  • Leie og gi støtte til leiarar og medarbeidarar i HR-spørsmål, oppfølging av sjukemelde, arbeidsrettslige problemstillingar, introduksjon og oppfølging av nytilsette, kompetanseutvikling og organisasjonsutviklingstiltak
  • Kontakt med bedriftshelsetenesta (Stamina Helse)
  • Ajourholde og utvikle HR-system, retningslinjer og rutinar innan personaladministrasjon.
  • Førebu og leie gjennomføring av lønnsforhandlingar (KS-tariff).

 Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskulenivå
  • Erfaring frå liknande stillingar innan HR-arbeid, økonomi og administrasjon.
  • God kjennskap til relevant lov og avtaleverk.
  • Skulen følgjer KS-tariff og det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med tariffavtalar.
  • God ikt-kompetanse og interesse for digitalisering. Skulen brukar Visma Business som økonomisystem og planlegg å implementere eit nytt HR-system.
  • Engelsk og norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Høgt motivert og med evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Diplomatisk og god på å bygge relasjonar
  • Evne til å skape entusiasme for utvikling og endring
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God organisajonsforståelse og evne til å tenke heilskapleg og strategisk
  • Ha høg integritet og like å jobbe i eit hektisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jf UWC’s verdiar og misjon.

Verksemda er Miljøfyrtårnsertifisert

Vi tilbyr ein spennande og utfordrande stilling med konkurransedyktige vilkår i eit entusiastisk miljø med høg kompetanse.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Chief Operating Officer (COO) Ola Hovland 95894683.

Vi ber aktuelle søkjarar om å sende søknadsbrev og CV på epost til appointments@uwcrcn.no

Søknadsfrist 3.11.19

Latest News