Vacancies

UWC Connect

Likar du å vere ute, jobbe med menneske og ha ein aktiv og varierande arbeidskvardag? Kva med å jobbe på den mest internasjonale staden i Noreg?

UWC Connect er eit datterselskap av UWC RCN og har hovudansvar for UWC Leirskule, sommarleirar og andre arrangement på Haugland. I 2018 hadde vi over 2000 besøkjande og vi skal vere den beste Møteplassen for Mangfald i den nordiske regionen ved å kople menneske frå heile verda saman gjennom unike (utandørs) opplevingar.
Vi ynskjer å tilsette ein aktivitetsleiar hos UWC Connect i fast stilling med arbeidsplass ved UWC Red Cross Nordic i Flekke i Fjaler Kommune. Stillinga vil vere 100% i sesong frå april –oktober, og for rette person kan stillinga bli utvida til ei 75% full års stilling.

Arbeidsbeskriving for aktivitetsleiar ved UWC Connect
Vi er på jakt etter ein sjølvstendig og proaktiv person som alltid yter sitt beste for at våre kundar får ei fantastisk oppleving på Haugland. Du er glad i jobbe med menneske og god til å sjå løysingar framfor problem.
Du vil jobbe tett saman med resten av teamet, og ha fleksibilitet til å forme din eigen arbeidskvardag.

Arbeidsoppgåver inkluderer:

• Medansvar, organisering og drift av leirskulen, sommarprogrammet og aktivitetstilbod for andre grupper;
• Planlegge for eit variert og godt fysisk aktivitetsprogram for alle studentane ved UWC RCN: blant anna vekentlege aktivitetar, prosjektveke, friluftslivsveka, outdoor leadership program
• Medansvar for helse, miljø og tryggleik, rutinar og prosedyrar for aktivitetstilbod ved UWC Connect
• Medansvar for UWC Connect sitt utstyr og anlegg, samt vedlikehald, sikkerheitssjekk og utskifting;
• Assistere dagleg leiar med marknadsføring- og sal mot dei ulike kundesegmenta.
• Vere vertsskap i gjennomføring av ulike samlingar for besøkjande.

Kvalifikasjonar for stillinga:

• Pedagogisk utdanning med hovudvekt på friluftsliv og/eller kroppsøving;
• Godkjent instruktør/rettleiar i ein, helst fleire av følgjande: klatring(NF instruktør 1 eller tilsvarande); kajakk (NPF aktivitetsleiar Hav eller tilsvarande); kano (teknikkurs kano, flattvann eller tilsvarande). Erfaring med trebåtar og generelt kystfriluftsliv er og nyttig. Båtførarprøve.
• Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar for stillinga:

• Profesjonell og personleg integritet;
• Gode samarbeidsevner og god på å sjå muligheiter;
• Liker å jobbe med menneske;
• Erfaring med leiarrolla;
• Evne til å kommunisere tydeleg både munnleg og skriftleg på engelsk og norsk;
• Ei forståing for, og stønad til, UWC sine mål og ambisjonar.

Søknadsfrist: 31.mars 2019
Søknad med CV sendast til: UWC Connect ved dagleg leiar Leonora Laukeland Kleiven; connect@uwcrcn.no.
Søknad merkast med «Utandørsinstruktør UWC Connect»
Stillinga tek til: so snart som råd – seinast august 2019

Latest News

Oline Lykke Grand RCN’24

March 4th, 2024|

In these columns, we are introducing people: students, staff, former staff, and governance members of RCN. Today meet Oline [...]