Vacancies

Vikariat Dagleg leiar

Likar du å jobbe med menneske? Er du positiv, glad i ein variert arbeidsdag og samtidig har god gjennomføringsevne? Kva med å jobbe på den mest internasjonale staden i Noreg?

UWC Connect er eit datterselskap av UWC Røde Kors Nordisk og har hovudansvar for UWC Leirskule, sommarleirar og andre arrangement på Haugland, Fjaler. I 2019 kjem vi til å ha kring 3000 besøkjande og vi skal vere den beste Møteplassen for Mangfald i den nordiske regionen ved å kople menneske frå heile verda saman gjennom unike (utandørs) opplevingar.

Dagleg leiar i UWC Connect skal i svangerskapspermisjon, og vi søker no etter ein person i 100% vikariat ut 2020 med muligheit for fast tilsettjing for rett person etter utløp av vikariatet, då med andre typer arbeidsoppgåver.

Arbeidsbeskriving for Dagleg leiar ved UWC Connect

Vi er på jakt etter ein sjølvstendig og proaktiv person som vil vere med å vidareutvikle UWC Connect, som alltid yter sitt beste for at våre kundar får ei fantastisk oppleving på Haugland og som likar å ta ansvar. Du er glad i jobbe med menneske og god til å sjå løysingar framfor problem. Du vil jobbe tett saman med øvrige personar i UWC Connect, men også andre tilsette og leiing ved UWC Røde Kors Nordisk. Les meir om kven vi er og våre tilbod på: http://uwcconnect.com/

Arbeidsoppgåver inkluderer:

  • Personalansvar for øvrige tilsette i UWC Connect
  • Rapportere til og ha dialog med styret i UWC Connect
  • Salg/marknadsføring mot dei ulike kundesegmenta: leirskule, sommarleirar, UWC RCN og øvrige (bedrifter, organisasjoner, andre).
  • Økonomiansvar og hovudsansvar for budsjettoppfølging
  • Vidareutvikle UWC Connect i ei positiv retning i tråd med bedrifta sine visjonar og målsetnad
  • Koordinere aktivitetar internt i UWC Connect og med UWC RCN
  • Tett kundeoppfølging og relasjonsbygging til eksterne partnarar

Kvalifikasjoner for stillinga:

  • Høgskuleutdanning innanfor økonomi og/eller salg og marknadsføring (manglande relevant utdanning kan kompenserast for ved erfaring)
  • Evne til å kommuniserer tydeleg både munnleg og skriftleg på engelsk og norsk
  • Ei forståing for, og stønad til UWC sine mål og ambisjonar
  • Tilgjengeleg for kvelds/helgejobbing ved arrangement/event

Personlege eigenskapar for stillinga:

  • Likar å jobbe med menneske og har gode samarbeidsvener
  • Ansvarleg, påliteleg og strukturert med god gjennomføringskraft
  • Positiv og god på å sjå muligheiter

For spørsmål om stillinga ta kontakt med Dagleg Leiar, Leonora Kleiven, leonora.kleiven@uwcrcn.no / 41 44 82 97.

Vi ber aktuelle søkjarar om å sende søknadsbrev og CV på epost til appointments@uwcrcn.no.
Søknaden merkast med «Dagleg leiar UWC Connect». Søknadsfrist 20.oktober

Latest News